
Sogn og Fjordane · sidan 1920
På veg gjennom Vestlandet sidan 1920
Firda Billag har over 100 års erfaring med å få folk trygt fram – frå lokal transport til turar og opplevingar på Vestlandet.

100+
år på vegane
Turbuss og grupper
Reisa er ein del av opplevinga.
Firda Billag Buss har lang erfaring med turkøyring – frå korte dagsturar til lengre reiser med overnatting. For bedrifter, lag og foreiningar, skular og arrangement.
- Komfortable turbussar
- Erfarne sjåførar
- Fleksibelt opplegg
- Lokalkunnskap
Våre selskap
Fleire verksemder. Éin heimstad.

Heimebana
Vestlandet er heimebana vår.
Frå Sognefjorden i sør til Nordfjord i nord. Namnet vårt kjem frå Firðir – det gammalnorske namnet på fjordane mellom Sogn og Sunnmøre. Vi har bunde saman bygd og by i Sunnfjord og Sogn og Fjordane i meir enn hundre år.
Historia vår
Stifta 18. desember 1920.
Den gong gjekk transporten med hest. Billaget vart skipa for å køyre passasjerar og gods frå kai i Vadheim, via Førde til Sandane. Den første bilen – ein Adler frå 1913 – står framleis i samlinga vår.
Les historia

