Firda Billag

Om oss

Bil + lag.
Å eige noko saman.

Firda Billag starta i 1920 og har sidan den gong vorte ein tilbydar av buss, gods og logistikk, leigebil og verkstad.

Namnet vårt representerer røtene våre. Firda eller Firðir var det gammalnorske namnet på området mellom Sogn og Sunnmøre, og tyder fjordane. Billag er sett saman av bil og lag – eit selskap, ei samanslutning, det å eige noko i lag.

Firda Billag er ei samanslutning av mange transportselskap i Sogn og Fjordane, og eit av dei eldste selskapa innan vegtransport i landet. Hovudkontoret ligg i Førde, der vi òg tek vare på eit rikhaldig historisk arkiv og fleire veterankøyretøy.

Firda Billag vart i 2018 kåra til årets lærebedrift, og har fått målprisen frå Sogn og Fjordane Mållag.

Les historia vår

Meir om konsernet

Berekraft – verdiar og miljø Styre og leiing Finans og nøkkeltal Konsernstruktur Sponsormidlar